Tidspunkt: Tysdag 23. september kl. 2030
Digitalt møte på Teams
Før sommaren vart det føreslått å ikkje bruke barneskulebygget vidare på grunn av bygningsmessige forhold. Politikarane har no vedteke å gjennomføre dei tiltaka som trengst, slik at bygget framleis kan vere i bruk.
For å gje god informasjon og tryggleik, har vi invitert prosjektleiaren i kommunen, Jaran Vefring, til eit digitalt foreldremøte. Her får de ei orientering om status og den vidare prosessen for skulebygga – både barneskulen og ungdomsskulen. Sett gjerne av tysdag 23. september kl. 20.30. Det vert høve til å stille spørsmål og kome med innspel. Tilsette og politikarar er også velkomne.
Vi gler oss til å sjå dykk!
Det er fort at hendingar går i gløymeboka. Last ned kalenderføring, slik at dette legg seg rett i kalendaren din!
Last ned kalenderfil
Brukarhjelp: Korleis bli med i eit Teams-møte