< Møte

Sak: Informasjon frå lokalt organisasjons- og kulturliv

Tema: Informasjonsarbeid

Møte: 27 Oct 2022

Drøfting

FAU har engasjert seg etter ei henvending frå skulemusikken – då dei reagerte på ei innstramming av praksis. FAU-sak. FAU stiller seg ikkje negativ til ei innstramming; men at prosessen har vore uklar og at foreldre, elevar og tilsette ikkje er tilstrekkeleg informert og inkludert i utarbeidinga av praksisen. FAU etterlyste også at praksisen vart skriftleggjort – slik at det er tydleg kven som har teke avgjerd om praksis og den er lett/klar å forholde seg til.



Rektor:
Den nye praksisen bygger ein skjønsmessig vurdering av ein på paragraf. Det starta med at kulturskulen meldte inn det dei oppfatta som ulik praksis mellom dei og skolemusikken. Skulen ba om presisering av praksis frå oppvekstsjef. Vi fekk då ein munnleg orientering og drøfta dette i rektormøte (med alle rektorane i kommunen). Her kom det fram at det har vore ulik praksis knytt til dette; på småskular er kulturlivet mykje meir inkludert i skolebygget. T.d. øver korpsa i skolebygga i grendaskulane. Vi vart eininge om ein felles praksis, men denne er ikkje skriftleg.

FAU
Ein munnleg praksis vil vera vanskeleg å forholde seg til, og vil føre til ulik praksis nok ein gang.

Oppvekstsjef:
Det finns ikkje nødvendigvis ein plan eller prosedyre for alt her i verden. Bakgrunnen for dette er at det er ein “kamp” om barna våre - at dei må vera med på alt mogleg. Vi ynskjer å skjerme ungane frå dette i skuletida. Leiargruppa i kommunen har difor vedteke: At frivillige organisasjonar ikkje får kome inn i undervisningstida. Vi har brote lova og vore på kant med lova/gratisprinsippet i lengre tid,ism skuleturar. Her må vi også endre praksis.

Rektor
FAU burde teke saka opp med meg/skulen og ikkje gått til politikarane med dette.

FAU
Vi fekk meldinga skulemusikken fekk frå skulen. Der stod det at dette vart bestemt på eit rektormøte. Dette forstod vi som eit kommunalt nivå / over skulen – og valde difor å engasjere oss på kommunalt nivå. Det vi reagerte sterkast på var ikkje avgjerda i seg sjølv, men den manglande involveringa, informasjonen og skriftleggjeringa. Dette er noko vi har etterlyst i fleire saker og tok dette opp som døme på dette.

Rektor:

Vi har endra litt praksis og flytta tavla frå aulaen og bort til Tingsurda. Vi er også i gang med ein prosess med tilsette og elevråd der vi vil arbeide fram eit regelverk for dette. Når dette er klart ynskjer vi det behandla i SU. Difor er dagens praksis midlertidig og kan bli endra ism. dette.