< Møte

Sak: Juleavslutning og slikt

Møte: 07 Dec 2022

Drøfting

FAU:
Det er fleire foreldre som har kapasitet til å bidra i tilknytning til jule/skuleavslutning og andre festiviteter av stort og smått. Det er ein fordel å vera tidleg ute, men her kan ein nok hente mykje avlasting – då vi ser lærarar/personale gjer ein formidabel innsats ism. med desse arrangementa; gjerne i tillegg til den ordinære jobben sin. Slik aktivitet/arrangering kan også vera ein samlande aktivitet for foreldregruppa. Skulle det også vore ein (større ) post/budsjett til dette?

Skulen:
Orienterte om korleis slike arrangement blir fordelt i kollegiet i starten av skuleåret, og at det til juleavslutninga i år er foreldre som tek ein solid sjau for å avvikle denne. Det er nok slik at det er ein del jobb/innsats som går til å finne personar/foreldre som kan bidra i arrangementa.