< Møte

Sak: Innspel til IKT-plan / IKT (Etter ekstern vurdering-rapporten)

Tema: IKT

Møte: 26 Jan 2023

Drøfting

Rapporten har mange gode og viktige moment vi kjenner att frå andre fora.

Rapporten nemner at det vert jobba med IKT-plan. Det vert spanande å utkast til denne.

Flott at IKT-Infrastukturen er bra.

Som eit evt innspel til IKT-plan ynskjer FAU særleg å understreke funnet frå rapporten:
Skulen kan involvere dei føresette i større grad og gje dei meir innsikt i kva digitale verktøy og ressursar skulen nyttar i opplæringa. Nokre av foreldre seier at dei har lite kjennskap til korleis ulike digitale ressursar vert brukt i undervisninga og korleis teknologien kan hjelpe elevane i skulearbeidet.


Vi foreldre har lite høve til å sjå/følge med i IKT-arbeid/situasjon. Ein del tykte dei mangla grunnlag til å svare på undersøkinga som var ism. undersøkinga.

Vedlegg