< Møte

Sak: Skulen si orientering

Tema: Informasjonsarbeid

Møte: 12 Jan 2023

Drøfting

Skulen: orienterte om at ny heimeside er på plass 1. februar. Den vert utforma etter same mal som kommunen si side. Det er krav om at heimesida er universelt utforma.

Heimesidene til skulane i kommune blir heilt like og skal vere statiske. Laupande informasjon vert gitt til brukarane via VismaFlytSkule. Rektor orienterte også om at oppvekst er blitt varsla om to tilsyn frå Statsforvaltaren, eitt i vår og eitt til hausten. No til våren er det gratisprinsippet som skal undersøkjast, og til hausten skulemiljø. Rektor vil orientere meir på neste SU møte.