< Møte

Sak: Høyanger skule 100 år i 2023 – jubileumsfeiring

Møte: 12 Jan 2023

Drøfting

Høyanger barneskule blei starta i 1923, og skulen skal feire 100-års jubileum. Skulen ønskjer å lage til ei markering no i vår, datofesta til onsdag 31. mai. Skulen er i gong med planleggingsarbeidet og ser føre seg ein open dag der heile bygda vert invitert til å kome. Det vert førespegla underhaldning, ulike utstillingar og aktivitetar.

FAU og elevrådet blei med dette invitert inn til å bidra. Skulen ønskjer at elevane seier noko om kva og korleis dei ser føre seg denne dagen, saka spelast inn til elevrådet. Skulen ønskjer at FAU kan bistå med ein del praktisk arbeid og mat. FAU ønskja også å vere med på å planleggje innhald, og det vert tatt imot med takk. Saka vert sett opp att på neste møte for å høyre status frå dei ulike.