< Møte

Sak: Saker frå FAU som ikkje vart gjennomgått

Møte: 17 Nov 2021

Drøfting

Saker frå FAU som ikkje vart gjennomgått:

FAU ynskjer å sjå kva rutinar skulen har ism. evt COVID-utrbrot på skulen. Då med spesielt fokus på informasjonsrutinar.

Etter innspel frå foreldre: FAU ynskjer informasjon knytta til grunngjeving/bakgrunn og planar skulen har for å ikkje ha skulebibliotek (på skulen). Kva vert denne budsjettposten nytta til i staden.

Foreldre melder at innskuling vert brukt til leksetid, frileik og andre ikkjefaglege aktivitetar. Elevane mistar då faglege timar. Kan vi få ei orientering om skulen sitt opplegg rundt innskuling? Evt. vurdere å kutte ut innskuling?

Leikeapparat:
FAU ynskjer å bli orientert om kva som ligg i utkast til budsjett.
FAU ynskjer å bli involvert i prosessen med utval av leikeapparat
FAU ynskjer å sjå kva rutinar skuleeigar har for ettersyn og vedlikehald av leikeapparat.