< Møte

Sak: Elevundersøkinga 2021

Tema: Spørreundersøkingar og testar

Møte: 06 Apr 2022

Drøfting

Elevundersøkelsen er obligatorisk for alle 7. og 10. klassingar. Skulane kan velje om dei,
ønskjer å nytte undersøkinga på fleire klassesteg. Høyanger skule har tidlegare, og i år, berre
gjennomført den på dei obligatoriske klassestega, då skulen har nytta Klassetrivsel som
trivselsundersøking to gonger per skuleår for alle elevane i 5. – 10. klasse. Leverandøren av
den digitale Klassetrivselundersøkinga er endra, og skulen har difor vurdert at den nye
løysinga ikkje er tilfredstillande. Skulen har difor ikkje gjennomført Klassetrivsel dette
skuleåret. Skulen vurderer å opne Elevundersøkinga for fleire klassesteg neste skuleår,
dersom det ikkje vert mogeleg å finne andre trivselsundersøkingar.

Kort presentasjon av dei offentlege resultata som er publisert på Udir:
https://www.udir.no/tall-og-forskning/statistikk/statistikk-grunnskole/resultater-fra-
elevundersokelsen-pa-7.-og-10.-trinn/. I dette talmaterialet er det gjennomsnittstal. Her kan
ein sjå hovudtendensar, men ikkje på detaljnivå korleis elevsvara har fordelt seg. Resultata på
detaljnivå er ikkje offentleg. Rektor kan hente ut heile talmaterialet og det vert nytta både på
team og i heile personalet. Rektor viste utdrag av resultata på detaljnivå. Desse har skulen
jobba med, både i personalet og i elevrådet. Personalet har plukka ut tre områder der skulen
har sagt seg nøgd med resultata, og tre områder til forbetring. Skulen er nøgd med resultata
knytt til trivsel, trygt skulemiljø og elevane sine relasjonar med lærarane. Det kom spørsmål
om korleis skulen stiller seg til at desse resultata er gode, men ikkje 100%. Det er framleis
elevar som svarar at dei ikkje trivast så godt. Rektor svara ut at skulen har rimeleg god
kontroll på dei elevane det gjeld. Elevar som ein fangar opp ikkje har det trygt og godt vert
det sett i verk tiltak rundt. Dette er skulen jmf lovverket (§9A i opplæringslova) forplikta til å
gjere. Skulen kan gjennom slike undersøkingar fange opp og kartleggje. FAU har plukka opp
at føresette si oppfatning ikkje alltid samsvarar med slik skulen ser på elevane sitt
psykososiale miljø. Det er mykje som rører seg på frititda og i sosiale medium. Dette kunne
lærarane stadfeste, men at det gjerne er skilnad på skule og fritid. Denne undersøkinga spør om trivsel på skulen. Lærarane stadfesta at dei er kjende med at det i einskilde klassar tidvis
er utfordringar knytt til fritid, og at elevane gjerne tar dette med seg inn i skuletid. Lærarane
stadfestar at dei tidvis kan nytte svært mykje tid på å rydde i episodar som skjer på fritida.
Rektor seier at det av og til er ei forventing hjå føresette at skulen skal rydde opp, og at saker
gjerne vert skyvd over på skulen. Skulehelsesjukepleier stadfestar at det ofte kan vere slik og
at skulen i større grad med åra har fått ansvar også for det som går føre seg på fritida. Eit
samla SMU meiner dette er uheldig, og at det kan gå mykje undervisningstid vekk i
psykososialt arbeid knytt til elevane si fritid. FAU spør om det ikkje er mogeleg å
ansvarleggjere føresette i større grad.
Av resultat som skulen ser forbetringspotensiale i er: elevane sitt arbeidsforhold, vurdering for
læring og elevane sin motivasjon. Det blei diskutert litt ordlyden i spørsmålsstillingane. Der
elevane blir spurt om dei gleder seg til å gå på skulen. Vi stussar litt på bruken av ordet å
glede seg, då dette i daglegtale oftast vert nytta som noko ekstraordinært og ikkje til
kvardagslege ting. Skulen tar med seg punkta til utvikling inn mot neste år.