< Møte

Sak: Status frå dei ulike råda

Møte: 06 Apr 2022

Drøfting

FAU har hatt mange saker til drøfting internt. Rektor ønskjer gjerne å kunne svare ut nokon
av sakene FAU er opptekne av, og oppmodar difor FAU om å bli invitert i eit av deira møte.
Dette vil dei gjere. Ei av sakene som blei kort drøfta i dette møtet var leikeapparat. FAU
ønskjer å sende ny førespurnad til kommunen då korkje dei eller skulen er nøgd med at
apparata som blei tatt ned ikkje vert erstatta. FAU peika på at kommunedirektøren i eit
kommunestyremøte skal ha sagt at leikeapparata skulle kome på plass att. FAU tar saka vidare
til kommunen. FAU peika òg på at det generelle vedlikehaldet på uteområdet kunne vore
betre. At ein med enkle grep kan måle, koste, teikne opp paradis m.m. Dette meiner FAU kan
gjerast gjennom foreldredugnad. Skulen er positiv til dette. Rektor tar saka i personalet og
med vaktmeiser for å høyre kva som er ønskjeleg og kan gjerast av føresette. FAU vert vidare
kontakta for å planleggje dugnad.