< Møte

Sak: Ungdata

Tema: Spørreundersøkingar og testar

Møte: 16 Feb 2022

Drøfting

Det er 3. undersøkingar som går på elevar:
1) Eleverundersøkinga (nasjonal UDIR obligatorisk for 7 og 10)
Gjennomført denne iht minimumskrava.
2) “Klassetrivsel” (lokal løysing)
Har vore problem med programvaren for undersøkinga (eit supplement til Ungdata). Ikkje fått gjennomført dette i år.
3) Ungdata (nasjonal)
Obligatorisk for alle på ungdomstrinn 8-10, kvart 3. år
https://www.ungdata.no/wp-content/uploads/reports/Vestland_Hoyanger_2021_Ungdomsskule_Kommune.pdf

Elevrepr: Elevar frå utkantane kanskje brukar lang tid på å bli heilt integrert.

Skulehelsetenesta respons på spørsmål frå FAU om utanforskap:
Generellt så er det eit intrykk at over heile fjøla er det ein del som føler seg utanfor.
Har snakka med alle 8. klassingar. Ikkje spesielt for utkantelevar. Ei utfordrande tid: 8.klasse.

Personalrepr: Idrettslaget jobbar aktivt med å tidleg inkludere Kyrkjebø og Vadheim i trening/aktivitetar.

Skulehelsetenesta:
Utfordringane startar i 4-5. klasse…spesielt jenter.
Grupperingar oppstår, som
Sosiale media med ulike chattegrupper er med på å polarisere.
Elevar vert ikkje invitert til overnattingar / ekskludering.
Nokre gøymer seg vekk i friminutta for å ikkje vise at dei er aleine/ensome.
Må også utfordre på å inkludere seg sjølv.


Lærarar:
Noko kan også forklarast med at hektiske foreldre ikkje i den grad engasjerer seg i sosiale happeninga og samkomstar (på fritida).
Etterlyser elevkveldar.
Eksempel på ekskludering på fritida er t.d. at nokre vert kasta ut frå Fortnite-sessions.
Skulen etterlyser kulturtilbod: Skulen vil spele inn til kultur at det er lav score på kultur / folkehelse. For stor overvekt på idrett – slik at andre aktivitetar bør opp å gå?
Det er gjennomført ei kartlegging av tilbod: Usikker om dataane her er tilgjengeleg.
Problem med stort aldersspenn på ungdomsklubben.
Noko misstrivsel kan forklarast pga. covid.

Det manglar pr. no leikeapparat.
Ein del vart fjerna. Det vart ikkje sett av midlar til uteområde/trivsel.
Skulen har over lang tid etterlyst dette hjå kommunen.
Utarbeide mal for aktivitetsplan (sosiale happeningar) for dei ulike klassetrinna. Døme:
Foreldre og elevkveld.
Besøksvenn

FAU spurde skulehelsetenesta om dei kan høyre med andre skulehelsetenester om det er aktivitetar / tiltak vi kunne vurdert (gode erfaringar)