< Møte

Sak: Reglar for skuleskyss

Tema: Trafikk og skuleskyss

Møte: 17 Oct 2022

Drøfting

Det er komne nokre innspel frå foreldre som meinar dei har rett på skuleskyss der skulen meinar dei ikkje har det. Dette er tilfeller der born har rett på skuleskyss, men at skulen meinar dei mister denne retten når dei har plass på SFO (uavhengig av om dei nyttar tilbodet til SFO eller ikkje),

Vedlegg

Vedtak

Lars Jonas sender ein mail til skyss om dette:

Hei

Vi har fått ein situasjon/spørsmål ang skuleskyss frå foreldre.

Gitt siituasjon:
Ein elev har fått/ har rett til skuleskyss.
Ungen har plass i SFO før og etter skulen.
Foreldrene jobbar turnus/uregelmessig; det er difor ikkje slik at eleven nyttar seg av SFO-tilbodet kvar dag.

Spørsmåla til dykk er då:
1) Har eleven framleis rett til skuleskyss TIL skulen dei dagane han ikkje nyttar SFO på morgonen?
2) Har eleven framleis rett til skuleskyss FRÅ skulen dei dagane han ikkje nyttar SFO etter skulen?
3) ...eller mistar elevar rett til ordinær skuleskyss når dei har plass i SFO, uavhengig av om dei nyttar plassen på SFO?


Lars Jonas Pedersen
FAU ved Høyanger skule