< Møte

Sak: Informasjon frå lokalt organisasjons- og kulturliv

Tema: Samarbeid med politisk nivå

Møte: 13 Sep 2022

Drøfting

BAKGRUNN



Det er umiddelbart innført eit forbud mot reklame/informasjon frå frivillige lag og organisasjonar (som kostar eller kan koste) på Høyanger skule. Unntaket er ei komande tavle i aulaen. Det er no noko uklart om den nye praksisen er gjeldande for kommunen, eller for skulen. Rektor på skulen skriv at rektorane i kommunen er samde om «ei felles forståing for kva som ligg innanfor ramma i regelverket.». Vi tolkar difor dette som eit felles forbud på skulane i kommunen. Skulemusikken har teke kontakt med FAU då dei meinar dette er for strengt, og at det øydelegg for organisasjonslivet i kommunen. FAU er spørjande til kvifor kommunen køyrer ein slik prosess utan involvering og informering. Dette er eit gjentakende problem vi har teke opp med oppvekstsjef i dialogmøte. Vi skreiv difor eit brev til politikarar og skuleleiinga der vi etterlyser nettopp involvering og informasjon om saka – samstundes som vi stiller spørsmål til kva grunnlag eit slikt forbod kviler på.

PROSESSEN


Det var uheldig at ikke rektor stod på mottakarlista, men dette er ei utfordring vi meinar ligg på oppvekst- og kommuneleiing i større grad enn på skulen.

Vi registrerer også at FAU får korreks for ikkje å gå tenesteveg med saka. Vi har lagt saka fram for statsforvaltaren i Vestland, og også FUG nasjonalt: Begge responderer med at FAU ikke har nokon tenesteveg, heller tvert om. FAU kan og bør samarbeide, kontakte, kritisere og ytre seg til kven dei vil: Både andre organisasjonar, politikarar og i det kommunale byråkratiet. Vi stiller oss også undrande til at det er dette vert så sterkt vektlagt og gjenteke i svaret.

INFORMASJONSARBEIDET


Saka viser ei utfordring vi har teke opp ved fleire høve: involvering og informasjon – og då spesielt mangelen på skriftleg informasjon og referat.
Vi meinar framleis det er eit minimum at den nye praksisen bør skriftleggjerast. Manglande informasjon både til tilsette, organisasjonslivet og oss i FAU har gjerne bidrege til at saka har eskalert og at skulemusikken reagerer sterkare enn nødvendig. Engasjement frå foreldre og frivillige er avgjerande for samfunnsutviklinga i Høyanger; at desse ikkje er tekne med på råd i denne saka er svært uheldig.

Vedlegg

Vedtak

Tavleløysinga er eit godt tiltak. Vi stiller likevel spørsmål til om dette er ein informasjonsbærar som når elevar i alle aldrar og alle foreldre. Det kan også vera foreldre som har språk, lese- og skrivevanskar som vil få utfordringar med å ta til seg informasjon frå ei slik tavle. I praksis er det også sjeldan foreldre er innom aulaen.

Vi meinar det ikke er grunn til å forby ranselpost; spesielt for dei minste ungane – som i mindre grad evnar å ta til seg informasjon frå ei slik tavle. Likevel kan nokre reglar for ranselposten vera:
- Vera stila og retta mot foreldre
- I hovedsak vera informasjon – ikkje flyers med preg av reklame/marknadsføring
Innehalde all informasjon om både økonomiske og evt. dugnadsarbeid som følgjer deltaking
- Informasjon om evt. utstyr som krevast m kostnad
- Evt. ordningar for stønad, lån av utstyr osv.

FAU meinar det må vurderast både om og formen på ein evt presentasjon/informasjon til elevar i undervisningstida/på skulen. Spesielt dei yngste. Samstundes framhevar skulemusikken i brevet sitt nokre viktige moment; vil ein slik hard praksis føre til at dei litt smalare tilboda forsvinn? Vi meinar praksisen er feil / for streng tolking av lovverket og at det er ikkje lova nødvendigvis avgrensar dette. Vi kjenner heller ikkje til andre stadar der det vert praktisert så strengt.

I dialogmøtet mellom politikarar, oppvekstleiing, skuleleiing, elevar og FAU vart det også framført frå nytilflytta forelder: Det er vanskeleg som nytilflytta å få innsikt i fritidstilbod i tettstaden... Det er då ein føresetnad med oppsøkande foreldre for å finne tilboda som eksisterer.
Kommunalsjef for oppvekst følgde opp med Det er på FRITIDA ungdata viser dei største utfordringane.
– og leiar for oppvekstutvalet: Dei som fell utanfor dei organiserte aktivitetane er dei mest sårbare / dei som ikkje har tilbod..
Elevrådsrepr. uttalte om fritidstilbod og utanforskap: det er litt utfordrande på ein liten plass, gjerne.

Vi har vanskeleg for å sjå at ein slik praksis er ein god respons på desse attendemeldingane. Vi etterlyser då heller det rektor tek poengterer og vi etterlyste i dialogmøtet: Burde hatt ei samkøyring / samling av tilbod og når det er ulike aktivitetar...

Vi ser fram til å ta saka opp i SU. Som førebuing til dette skriv vi eit brev til elevrådet, utval for oppvekst, utval for kultur, kulturskulen, idrettslaget og FAU’ane hjå dei andre skulane – der vi ber om synspunkt / innspel til saka.