Til FAU v/ Høyanger skule
v/ leiar Jeanette Friis Walsvik
Vi ynskjer med dette å setje fokus på moglegheitene frivillige lag og organisasjonar har til å kunne informere skuleklassar om dei fritidstilboda vi tilbyr i bygda. Høyanger skulemusikk (HSM) ynskjer å få informere om tilbodet vårt til eit spesifisert klassesteg, i dette tilfellet: 2.klasse.
Bakgrunn for førespurnaden:
Høyanger skulemusikk har streva med medlemstal, men er no inne i ein god trend. Medlemstalet veks og vi gledar oss stort over dette. Vi ser at vi har funne ei suksess-oppskrift, og ynskjer sjølvsagt å halde fram med denne: I fjor starta vi på eit rekrutteringsløp som gav svært gode resultat: 16 av 24 elevar i 2.kl byrja som aspirantar hos oss. Og dei er med oss framleis.
Dette fekk vi til av ulike grunnar: eit brennande engasjement for eit levande skulekorps, tallause dugnadstimar, timetildeling frå Kulturskulen, positive foreldre og ikkje minst: eit godt samarbeid med Høyanger skule: Vi fekk komme inn i klassen og informerte kort om tilbodet. Dette var avklart med administrasjonen ved skulen. Øvingane føregår i skulen sine lokale rett etter skuletid. Elevar, føresette og vi i HSM er svært nøgde med opplegget. Øvingar rett etter skuletid er positivt fordi det då ikkje kolliderer med andre fritidsaktivitetar t. d i regi av IL Høyang. Samarbeid mellom korps og idrettslag ser vi på som viktig, vi ynskjer ikkje å «sloss» om dei same ungane.
Som sagt; vi ynskjer å spinne vidare på suksess-oppskrifta vår: Rekrutteringsplanen var lagt, dirigenttimar tildelt frå Kulturskulen, instrument kjøpt inn. Infoskriv utarbeida og besøk i klassen var avtalt med kontaktlærar. Målet med besøket var kort å informere og invitere årets 2.klassingar til å prøve ut eit korpsinstrument. Samt dele ut ein informasjonsbrosjyre om tilbodet, som elevane kunne ta med heim til føresette. Besøket var avtalt kl 10.45, truleg var dette i lunsjen til elevane. Tilbodet er gratis dette første året. Om dei ynskjer å halde fram i Høyanger skulemusikk, har vi ein kontingent på 500kr frå og med neste sesong 2023/2024.
Som de forstår: vi var klar til ny innsats for eit levande fritidstilbod i bygda, og dermed bidra på vår måte til at Høyanger (kommune) skal bli ein attraktiv plass å bu på. Jmfr. uttalt mål «Høyanger 4000+»
Dagen etter at avtalen var inngått med kontaktlærar fekk vi melding frå skulen om at dei ikkje har lov å reklamere for noko type fritidsaktivitet som kostar pengar, eller på sikt vil koste pengar. Vi får ikkje komme på besøk å informere om tilbodet, vi får ikkje dele ut info-skriv, vi får ikkje henge opp plakatar. Dette vart bestemt på rektormøte, og gjeld alle skulane i kommunen, stod det i meldinga.
Det skal seiast at vi er kjend med gratisprinsippet i skulen, og vi veit at den økonomiske situasjonen til familiar i kommunen er svært ulik. Men vi ynskjer å få fram at for dei familiane som strevar med økonomien, så finnast det løysingar og støtteordningar som gjer at alle som vil kan få delta på dei fritidsaktivitetane dei ynskjer. Vi er gode på å hjelpe dei som treng det. Det skal også seiast at alt av naudsynt materiell ein musikant treng, vert dekka av korpset: t.d instrument, vedlikehaldsutstyr, uniform og anna utstyr.
Kontrameldinga i høve besøk i klassen kom svært «bardust» på oss, og gjorde informasjonsarbeidet vårt vanskeleg. Det sette ein kraftig brems på progresjonen. (Besøk i klassen skulle skje i veke 36, oppstart av kornett-grupper var sett til veke 37.)
I etterkant av dette har leiar i HSM vore i kontakt med både skulesjef, Stig Engen, og rektor ved Høyanger skule, Gro Hommedal.
Skulesjefen gav, i telefonsamtale onsdag 07.09.22, HSM løyve til å gi informasjonsbrosjyre til rektor, som skulle gi den vidare til kontaktlærar. Kontaktlærar skulle dele ut til klassen, vart det sagt i telefonsamtalen. Dette kompromisset fordi HSM hadde det travelt med å få ut info ift oppstartsdato. Vidare seier han at han ynskjer å skjerme undervisningstida i skulen. Denne skal brukast til undervisning, og ikkje til å informere om fritidstilbod. Det har vi forståing for, men kva med å få bruke 10-15 min til å informere medan elevane et nista si, eller å samle klassen rett etter skuleslutt (altså 10-15 min av SFO-tida) for å informere?
Fredag 09.09.22 sender rektor mail der ho skriv at dei ikkje kan dele ut brosjyrane likevel. Ho viser til opplæringslova § 9-6, og seier at skulen må skjerme elevane for individretta reklame og kommersielt press.
Vi etterlyser ein definisjon av omgrep her. Vil Høyanger kommune kalle informasjon om fritidstilboda i bygda for reklame? Å informere om ei musikk-gruppe for 2.klasse; er det å utsette elevane for kommersielt press?
Etter vårt syn: materiell om skulegensar, skulemjølk og skulefoto kan kallast for kommersiell reklame. Informasjon om fritidstilbod må definerast annleis. Ynskjer vi ikkje sunne, aktive og mentalt streke barn i bygdene våre? Musikk og idrett er med på å fremje trivsel, lærelyst og fysisk og psykisk helse. Dette bør vere av interesse for skulane også, og dermed håpar vi at vi kan samarbeide.
Vi viser til den samme Opplæringslova som rektor, der vi finn dette:
3.5 Unntak fra bestemmelsen – reklame fra lokalt kulturliv I Ot.prp. nr. 41 (2006-2007) blir det understreket at det ”framleis vil vere mogleg med reklameplakatar frå lokalt kulturliv om konsertar, utstillingar eller andre kulturell opplevingar.” Dette kan være reklame for lokale konserter, Ungdommens kulturmønstring, teateroppsetninger, skolerevy osv. Reguleringen av reklame i opplæringsloven § 9-6 og privatskoleloven § 7-1a er ikke tenkt å ramme denne formen for reklame. Det fremgår her at hensikten med bestemmelsen ikke er å vanskeliggjøre vilkårene for det lokale kulturlivet. Det må derfor legges til grunn at henvendelser til skolen fra lokalt kulturliv om å få sette opp reklameplakater og spre materiell for konserter, utstillinger eller andre kulturelle tiltak med et ikke-kommersielt preg bør aksepteres.
Skulesjef og rektor har no bestilt ei tavle der vi kan få henge opp informasjon om vår aktivitet. Dette finn vi positivt, men ser likevel behovet for å få dele ut informasjon til elevane, som dei kan ta med seg heim til føresette. Ei slik info-tavle trur vi vert vanskeleg å orientere seg på for dei yngste elevane.
Informasjonsbrosjyrane våre skal no vere lagt tilgjengeleg på SFO og i garderoben til 2.klasse. Dei som kjem over brosjyrane kan ta med seg ei heim. Foreldre har lagt info ut på Facebook-sida til klassen (det vart også gjort i fjor). I fjor fekk vi som sagt 16 påmeldte. Til samanlikning: I dag sit vi med 2 påmeldte frå årets 2.klasse. Vi kan difor konkludere med at å informere direkte i den aktuelle klassen, gir best resultat.
Rektor seier vidare at alle lag og organisasjonar må behandlast likt. Vi veit at IL Høyang dei siste åra ikkje har fått informert om sine tilbod i skulen. Eg har vore i kontakt med leiar i idrettslaget, som seier at han gjerne skulle ha informert i skulen, men at IL Høyang er ein større organisasjon enn HSM. Dei har ein meir sjølvgenererande rekruttering enn det korpset har. IL Høyang står sterkt i Høyanger. HSM treng meir drahjelp i sin rekrutteringsprosess. Vi er ein liten organisasjon, og er sårbare. Vi har vore nedleggingstruga, men ser no lys i tunellen med rekrutteringsløpet vi no har utarbeida.
Viser igjen til telefonsamtale med skulesjef 07.09.22, der underteikna spør om korleis tilsette i skulen skal forhalde seg til spørsmål frå lag og organisasjonar om å få informere om tilboda sine i klassane. Svaret var at ein må bruke sunn fornuft oppi dette.
Vi håpar at den sunne fornufta no trer fram.
Vi håpar FAU kan hjelpe oss med å få løyve til å gi informasjon om våre tilbod i klassane på skulen.
For styret i HSM:
Øygunn Gunnarskog – leiar
Last ned originaldokument