Tema: Samarbeid med politisk nivå
Møte: 27 Oct 2022
Baḱgrunn (Sak meldt inn av FAU)
FAU ynskjer å vera involvert i budsjettprosessen på skulen – og ynskjer ein open prosess. FAU etterspør også om der er gjort endringar/utvikling for å sikre involvering frå tilsette, foreldre og elevar i budsjettprosessen når det gjeld budsjettpostene på bygg og uteområde. Desse ligg under drift og vedlikehald (DV) – og ref. Dialogmøte har informasjon og involvering i bruken av desse vore mangelfull.
Oppvekstsjef:
Alle ansatte er invitert til å komme med innspel til einingsleiarane/rektor. Desse samlar vi inn og samlar i ei fellesmatrise for prioritering. Elevar og foreldre har ikkje vore involvert i denne prosessen. Prioriteringsmatrisa er eit internt arbeidsdokument som foreldre/FAU ikkje får innsyn i. Foreldre og elevar kan kome med innspel til budsjettet når det er på høyring.
Lærar:
Det er viktig at oppvekst/DV involverer vi som skal bruke utstyr/apparat når det blir kjøpt inn. Leikeapparata som vart kjøpt inn til Tingsurda er lekeapparat som ungane mista interessa for etter første dagen. Det vart også kjøpt inn ei huske – som var ei barnehagehuske. Om vi som er pedagoger hadde vore involvert i utvelginga av dette hadde ein fått apparat som ungane faktisk ville bruke lenge.
FAU
Etterlyser prosedyre/prosess for innkjøp av leikeapparat slik at det vert sikra involvering og kompetanse i innkjøpa.
Oppvekstsjef:
Sjekkar om det er ei prosedyre for innkjøp av lekeapparat, evt må den utarbeidast – og gjerast tilgjengeleg for deltakarane i møtet. Vi må unngå dette.
Ped.personale repr:
Kven godkjenner arbeidet som vert gjort når nye apparat vert montert. I Tingsurda er underlaget dårleg komprimert og det samlar seg mykje vatn der. Dette er meldt frå om fleire gonger.
Rektor
Stadfestar at dette er meldt inn; men det er ikkje kome noko attendemelding på om det vil bli gjort noko i saka. AMU har også vedteke at alt av bygningsmessige forhold skal ut av HMS-planen. Vi har ikkje noko anna system for å følge opp slikt – så med dette aukar risikoen endå meir for at bygningsmessige forhold ikkje blir fulgt opp.
Lærarrepr.
Den nye trappa frå skuleplassen og ned til bana er også eit døme på manglande involvering. Trappa er alt for smal og er farleg.
FAU
Når vi først er på leikeplassar, så etterlyser vi eit av oppfølgingspunkta frå dialogmøtet:
Vert leikeapparat/uteområde kontrollert regelmessig og har ein sikra at dei som gjennomfører desse inspeksjonane har fått opplæring/godkjenning for å gjennomføre desse kontrollane?
Oppvekstsjef:
Dette er ikkje vårt ansvar, det er DV som står for dette. Ref. Svar i brev til FAU: Det vert gjennomført kontroller kvar månad. Om det er kvalifisert personell som gjennomfører kontrollene kan eg ikkje svare på. I brevet står det også at vaktmester er positiv til vedlikeholdsplan; men dersom dere vil at dette skal utarbeides må FAU etterlyse/etterspør dette. Vi må også passe på at DV ikkje vert svartmåla her; dei har mykje dei skal rekke over.
FAU
Vi meinar oppvekst/skulen må ha eigarskap og ansvar for at leikeapparata er sikre i bruk. Det blir for lett å fråskrive seg ansvar og legge alt på DV. Forrige kontroll avdekka jo alvorlege avvik når ein fekk sakkunnig personell til å kontrollere. Vi tykkjer også det er merkeleg at det er FAU som må etterlyse ein vedlikehaldsplan for uteområdet.