< Møte

Sak: Dialog og samarbeid

Tema: Kommunikasjon skule-heim

Møte: 27 Oct 2022

Drøfting

Bakgrunn (Sak meldt inn av FAU)
FAU har etterlyst ei opa nettside der foreldre kan få oversikt over ulike planar, referat og reglar som er gjeldande for skulen. Slik det er no får vi t.d. planar på høyring, som vi ikkje visste eksisterte. Dette gjer også at eigarskapen til planane vert svært mangelfull. Om ein ikkje har tilgang til planar og referat er det vanskeleg å engasjere seg - og å få innsikt i strategiar tankar som ligg til grunn for drifta. Det gjer nok at mange av planane kanskje også vert skrivebordsplansar. Når det gjeld referat hadde det vore fint med oversikt/litt info over ulike organ og referata frå desse: Elevråd, SMU, SU, rektormøter, AMU osv…

Oppvekstsjef:
Det ligg planar på kommunen si heimeside

FAU: Nei, vi kan ikkje finne desse. T.d. ser vi det i forrige utval for oppvekst var godkjent ein revisjon av plan mot mobbing. Er ikkje denne naturleg å ha innom FAU / skulane?

Oppvekstsjef:
Det er mogleg desse er vekke ism. Omlegging til ny nettside.

Rektor:
Nye planar vert det involvert bredt. Dette var ein revisjon, då er det nokre der ikkje blir køyrt brei høyring på. Vi har vore litt i limbo på dette. Om skulen skal ha eiga heimeside, eller vi no skal leggast under kommunen si heimeside. Vi må også bestemme oss om kva som skal ligge i Visma og kva som skal ligge på ei evt. nettside.

Kommunerepr.

Planar av offentleg interesse bør ligge på kommunen si heimeside.