< Møte

Sak: Inspeksjon av leikeapparat

Tema: Uteområde og leikeapparat

Møte: 09 Nov 2022

Drøfting

Vi har no fått oversendt inspeksjonsrapportar frå vaktmeister når det gjeld leikeapparata. Desse vert gjennomført kvar månad. Det er gledeleg å sjå at vaktmeister har vedlikeholdsplan, sjølv om to kommunalsjef for oppvekst meldte at dette måtte FAU etterlyse om dei ville ha det.

Det framgår at der er manglar på ein del apparat, men det er ikkje sikkert dette er alvorlege manglar.

I ein litt misforstått etterlyste FAU eit referat frå møte mellom kommunalsjef oppvekst og kommunalsjef Drift og vedlikehold (DV) som vart bebuda i dialogmøtet. Her ville vi sjå kva desse einast om når det gjaldt ansvar og samarbeid knytta til:
• Vedlikehaldsrutinar for leikeapparat/uteområdet.
• Dialog/samarbeid mellom DV rektor og skule rundt uteområdet.
• Samarbeid/dialog/ansvar mellom DV og oppvekst.

Her fekk vi eit svar der spørsmålet var tolka meir i retning FAU si rolle i desse sakene. Brevet inneheld ein del opplysningar som kanskje kan vera av interesse - så vi legg det med her.

Vedlegg

Vedtak

Vi ser at dette med inspeksjon og vedlikehald no er komne inn i eit system, og håpar og trur vi difor ikkje vil få resultat som ved forrige storkontroll.