Drøfting
Vi har no fått oversendt inspeksjonsrapportar frå vaktmeister når det gjeld leikeapparata. Desse vert gjennomført kvar månad. Det er gledeleg å sjå at vaktmeister har vedlikeholdsplan, sjølv om to kommunalsjef for oppvekst meldte at dette måtte FAU etterlyse om dei ville ha det.
Det framgår at der er manglar på ein del apparat, men det er ikkje sikkert dette er alvorlege manglar.
I ein litt misforstått etterlyste FAU eit referat frå møte mellom kommunalsjef oppvekst og kommunalsjef Drift og vedlikehold (DV) som vart bebuda i dialogmøtet. Her ville vi sjå kva desse einast om når det gjaldt ansvar og samarbeid knytta til:
• Vedlikehaldsrutinar for leikeapparat/uteområdet.
• Dialog/samarbeid mellom DV rektor og skule rundt uteområdet.
• Samarbeid/dialog/ansvar mellom DV og oppvekst.
Her fekk vi eit svar der spørsmålet var tolka meir i retning FAU si rolle i desse sakene. Brevet inneheld ein del opplysningar som kanskje kan vera av interesse - så vi legg det med her.
Vedlegg
- Vedlikeholdsplan
Last ned
-
Last ned
- Brev til FAU frå rektor og oppvekstsjef
Les
Til FAU
De ønskja ikkje å stille må møtet kommunalsjefen hadde invitert dykk inn til, torsdag 22. september, trass avtale og førehands sendt sakliste. Vi freistar difor å svare dykk ut på punkta de ønskja å ha på agenda, skriftleg.
Fyrst og fremst ønskjer vi å seie at vi set stor pris på dykkar engasjement. Ei aktiv og engasjert foreldregruppe er ein god samarbeidspart for skulen.
De hadde på førehand spelt inn desse sakene til møtet:
Vedlikehaldsrutinar for leikeapparat/uteområdet. Inspeksjon og ettersyn med leikeapparat.
Vaktmeister ved Høyanger skule gjennomfører laupande vedlikehald etter innmeldt behov og eiga vurdering. Det vert gjennomført månadleg visuell synfaring av alle leikeapparata, knytt til tryggleik. Dette vert dokumentert i eige arkivsystem. Om ønskjeleg kan ein få innsyn i desse rapportane ved å ta kontakt med vaktmeister. Det er ikkje utarbeidd eigen vedlikehaldsplan knytt til uteområdet og leikeapparat, korkje frå vaktmeister eller driftsleiar. Vaktmeister er positiv til ein slik type plan dersom det vert vurdert som naudsynt. Dette vil han ta opp med driftsleiar.
Kommunalsjefen har i samtale med HMS- og kvalitetssjef Torill Varden og kommunalsjef for drift og vedlikehald Olav Nordgulen etterspurt om dei er kjende med avvik knytt til tryggleik på uteområdet og leikeapparata ved Høyanger skule. Begge stadfestar at det er dei ikkje. Vaktmeister stadfestar at alle utbetringar knytt til tryggleiksavvik i den førre rapporten er gjennomført.
Elevane sitt fysiske miljø er heimla i opplæringslova §9A-7
Dersom elev/føresett/rådsorgan ber om tiltak skal det handsamast som einskildvedtak etter forvaltningslova utan krav om skriftleggjering frå meldar si side.
Dersom de i FAU har innspel til tiltak som gjeld elevane sitt fysiske miljø kan det meldast rektor. Etter forvaltningslova er Statsforvaltaren klagesakshandsamar.
I samband med dykkar engasjement for vedlikehald og leikeapparat ønskjer vi å orientere om at kommunar i Noreg har ulikt delegeringsreglement. I Høyanger kommune har bygg og vedlikehaldsavdelinga ansvar for alle faste installasjonar. Skulen har ansvar for inventar og utstyr. I saker som høyrer til bygg og vedlikehald sitt ansvarsområde er det ønskjeleg at FAU gjerne etterspør status hjå rektor fyrst, og vidare held rektor orientert dersom de tar kontakt med denne avdelinga. Til dykkar orientering blei det i år også gjort vedtak i AMU om at bygg og vedlikehaldssaker ikkje skal inkluderast i einingane sine HMS planar. Skulen sin HMS plan vil difor frå og med dette skuleåret berre innehalde HMS områder som gjeld innhaldstenesta, og ikkje bygg. HMS områder som er gjeldande for desse områda skal skulen no rapportere vidare tenesteveg, til drift og vedlikehald.
Dialog/samarbeid med rektor og skule
FAU sitt mandat er å vere foreldregruppa sitt talerør i samarbeid med skulen. FAU sine samarbeidspartar er: leiinga ved skulen og dei andre tilsette, foreldrekontaktane og dei andre føresette, og elevrådet. Vi er klar over at FAU på frittståande grunnlag kan ta kontakt med dei de ønskjer for å ytre dykkar meiningar. Men i lys av kven dykkar samarbeidspartar er vil det vere naturleg å spørje og ytre tenesteveg fyrst, og då fortrinnsvis til rektor, tidlegare vist til som tenesteveg. Saker som de ønskjer å drøfte med skulen kan meldast til Samarbeidsutvalet og/eller rektor kan inviterast til styremøte i FAU.
Samarbeid/dialog/ansvar med oppvekstsjef
I dialogmøtet i vår blei det etterspurt innsyn i møtestrukturar og referat i tenesteområdet. I fleire av desse arena har FAU fullt innsyn. Innkallingar og referat frå utvalsmøta i oppvekst ligg offentleg på kommunen si heimeside. Tenesteområdet oppvekst har faste administrasjonsmøter for alle leiarane i oppvekst, etter fast årshjul, cirka fire møter i året. Sakliste og referat kan om ønskjeleg spørjast etter hjå rektor. Oppvekst har også jamnlege driftsmøter, annankvar veke, digitalt, med alle leiarane i tenesteområdet. Desse møta inkluderer også tillitsvalde og personalavdelinga. Dette er interne driftsmøter, og det vert ikkje skrive referat. Vedtakssaker vert spelt vidare til administrasjonsmøta, då desse møta er å rekne som laupande driftsmøter.
I dialogmøtet i vår kom det fram at vi har eit forbetringspotensiale på kommunikasjon på tvers av tenesteområda. Dette er eit arbeid kommunedirektøren har sett fokus på generelt i kommunen.
Vi vonar dette har gitt dykk svar på noko av det de ønskja. For ytterlegare drøfting er det berre å ta kontakt. Rektor kan stille på styremøte i FAU og kommunalsjefen kan inviterast til aktuelle saker i Samarbeidsutvalet.
Med venleg helsing
Gro Nes Hommedal
Rektor Høyanger skule
Stig Engen
Kommunalsjef for oppvekst, Høyanger kommune