< Møte

Sak: Informasjon, skriftleggjering og openheit

Tema: Kommunikasjon skule-heim

Møte: 07 Dec 2022

Drøfting

FAU
Gjekk gjennom figuren her, som viser rammene for kommunikasjon mellom FAU og skulen/kommunen slik FAU ser det.


FAU er foreldre med ulik bakgrunn og ulike føresetnader for arbeidet i FAU. FAU kan føle og det kan ikkje stillast forventningar til at FAU skal vera profesjonelle. Dette er frivillig/fritid engasjement, med avgrensa tid til disp. FAU har i liten grad, og kan sjeldan basere seg på førstehandsinfo; vi får gjerne informasjon frå foreldre, lærarar eller andre som vi ikkje har høve til å verifisere. FAU kan høyre på alle, snakke med alle – men skal representere alle foreldre; ikkje grupper eller seg sjølve som enkeltrepresentantar.


Skulen/kommunen/lærarar er profesjonelle, som (dessverre) må handtere både vaksne (FAU) og ungar på ein profesjonell måte, og kan i mindre grad la kjenslene styre. Her har ein ofte:
• tilgang til førstehandsinfo
• kjenner faget og ofte sakene betre
• kjenner til andre dimensjonar enn det FAU har tilgang til.
Dette er informasjon de(i) gjerne ikkje kan dele med FAU for å opplyse ei sak. Gruppa her er også låst til å i større grad lojalt følge linja, og uttale seg som repr. for kommunen.

Dialogen mellom desse partane vil vera prega av ulike ytringskulturar. Personar i FAU vil kome frå alle lag og grupper i samfunnet – der diskusjonar og dialog vert ført på ulike måtar – og med ulik terskel for å skrive ned, drøfte og vera uenige. Dette gjeld både i kommunikasjonen internt i FAU, og med eksterne partar som t.d. skulen og kommunen. Tilsette i skulen/kommunen har derimot ein felles ytringskultur, hierarki og konvensjonar for kommunikasjon. FAU vert då eit framandelement som stiller spørsmål og agerer på ein måte som vert oppfatta som brot på konvensjonar – gjerne med kjensler, tynt grunnlag og utan forståelse for faget/skulekvardagen.

FAU forventar at i vår dialog med kommunen/skulen vert forvaltningslova og offentlighetslova lagt til grunn. Når FAU skriv til skulen/kommunen vert det handsama i rammene for dette. Det er ein risiko for at vi vert oppfatta som enkeltpersonar som snakkar/skriv i ein uformell dialog. Dette er skummelt, og gjennom skriftleg dialog og referat, som vi legg ut slik at medlemmane kan lese, ynskjer vi å sikre at dialogen og innhaldet i prosessane vert gjengitt på ein rett og etter-retteleg måte.

Vedlegg