< Møte

Sak: Mat og måltid

Tema: Psykososialt miljø på skulen

Møte: 07 Dec 2022

Drøfting

Etter forrige møte sende FAU ein førespurdad til skulen om kva gjeldande retningslinjer for mat og måltider ein har i skulen – og dette vart innleiinga til saka. Rektor har sendt informasjon kommentarar til FAU som førebuing til saka.


Skulen sine kommentarar


FAU har etterspurt informasjon om «matjungel»: For å ikkje drunkne føresette i informasjon har det berre kort i årshjulet blitt vist til, og at det vert lagt til rette for måltid i samband med prosjektet ca. 1 gong i veka. For føresette som er særskild interessert kan det søkjast opp meir informasjon på nett. Gi eit vink om det er ønskjeleg med meir informasjon om dette.

Det er ulik praksis rundt mat/måltid, alt etter klassesteg og kva som passar den einskilde klasse best. Elevane har også ei stemme inn her og kan seie noko om kva dei ønskjer. På skulen har vi (som ein av få skular) mat inne som ein del av undervisningstid. Då får ungane lenger utetid/friminutt; vi må då helst ha undervisningsaktivitetar under maten/måltidet (supernytt, bok osv) for å kunne forsvare ein slik praksis. Elevane får 15-20 minutt til å ete på.

Skulen har ikkje noko ønskje om felles prosedyre for korleis måltida skal gjennomførast, her må det vere rom for kvar einskild klasse til å nytte skjønn, etter ønskje og behov. Måltidsavvikling er med jamne mellomrom tema på lærarane sine team – og avdelingsmøter. Då vert det diskutert kva og korleis praksis i dei ulike klassane, og lærarane deler idear og tilbakemeldingar på tvers. På denne måten vert ein ofte einige om praksis for eigen klasse eller avdeling. Det er difor ikkje tilfeldig gjennomføring, men ein praksis ein samsnakkar om.



FAU sine kommentarar


Som ein første innsats/intro til tema og sak, har vi i FAU gått gjennom «Nasjonal faglig retningslinje for mat og måltider i skolen». Dei viktigaste momenta frå denne vi ynskjer å løfte som eit innspel til ein debatt/prosess knytta til dette med mat og måltid er:


Frå FAU vart det understreka at det er i hovedsak er foreldrene sitt ansvar å lære ungane å kunne gjennomføre eit måltid med stil, og bidra på det sosiale i og rundt måltidet.

Vedlegg