< Møte

Sak: Førespurnad om klasselister, oppdatert status

Tema: Samarbeid mellom FAU og skule-/kommuneadministrasjon

Møte: 26 Jan 2023

Drøfting

FAU har sendt førespurnad om å få klasselister frå skulen. Vi ynskjer liste over telefon og epost til foreldre (unnateke evt. foreldre der desse opplysningane ikkje er offentlege/tausheitsbelagt) – slik at vi kan ha dialog / informere alle foreldre.

Vi opplever å ha fått avslag på dette frå skulen. Skulen meinar dei ikkje kan/vil utlevere klasselister før eit evt. samtykke frå foreldre.
Statsforvaltaren meinar dette (på generellt grunnlag) er feil Ein treng ikkje samtykke frå foreldra for å gje innsyn i opplysningar som ikkje er teiepliktige. (frå Statsforvaltaren si rettleiing til Høyanger kommune).

Vedlegg

Vedtak

Vi ventar inntil vidare på at dei to vert einige om kva som er rett praksis, evt at skulen får samtykke frå alle foreldre og slikleis leverer ut klasselistene. Vi får vurdere å følge dette politisk og kanskje statsforvaltaren om ikkje oppvekstleiinga kjem til ei løysing innan rimeleg tid.