Rettleiing om rett til innsyn i klasselister
Vi viser til tidlegare e-postkorrespondanse om FAU sitt krav om innsyn i klasselister ved Høyanger skule.
Vi rettleiar på generelt grunnlag, og tek ikkje stilling til konkrete saker.
Klasselister er eit offentleg dokument ein kan krevje innsyn i
Klasselistar er offentlege dokument som ein kan krevje innsyn i etter offentleglova § 3. Dette betyr at skulen/kommunen i utgangspunktet skal utlevere klasselistene dersom nokon ber om innsyn i dei.
Dersom skulen/kommunen ikkje gir innsyn, må dei ha ein særleg heimel for dette. Dersom klasselistene inneheld teiepliktige opplysningar, kan ein nekte innsyn i desse opplysningane. Opplysningar om elevane sitt namn, adresse, telefonnummer og eventuelt fødselsnummer er normalt ikkje teiepliktege, men dei kan vere det dersom eleven til dømes har hemmeleg adresse eller telefonnummer, eller at adressa avslørar at eleven bor på barneverninstitusjon.
Skulen/kommunen skal vurdere om klasselistene inneheld teiepliktige opplysningar når dei får innsynskravet. Ein treng ikkje samtykke frå foreldra for å gje innsyn i opplysningar som ikkje er teiepliktige.
Nærmare om tilfelle kor klasselistene inneheld teiepliktige opplysningar
Dersom klasselistene inneheld teiepliktig informasjon, til dømes opplysningar om spesialundervisning eller særlege behov elevane har, skal ein ikkje gje innsyn i desse opplysningane.
Når eit dokument inneheld nokon teiepliktige opplysningar, er resten av dokumentet likevel offentleg. Det vil seie at skulen/kommunen må gi innsyn i dei delane av klasselistene som ikkje inneheld teiepliktige opplysningar, til dømes ved at ein sladdar dei teiepliktige opplysningane.
Reglar for korleis innsynskrav skal handsamast
Når skulen/kommunen får eit innsynskrav, skal dei avgjere kravet utan ugrunna opphald.3 Dette inneber at innsynskrav skal avgjerast så snart som det er praktisk mogleg, og vanlege krav bør avgjerast same dag som dei er mottekne, eller i alle fall innan ein til tre verkedagar.4
Avslag på innsynskrav skal vere skriftlege, og ein kan klage på avgjerda.
Med helsing
Mats Petter Sydengen, seksjonsleiar
Hilde Alme, rådgjevar
Last ned originaldokument