< Møte

Sak: Skulekjøken

Tema: Bygg

Møte: 26 Jan 2023

Drøfting

FAU sende 21. november inn innspel til budsjett (velegg):

Vi fekk mail frå rektor 1. desember om at dette både var for tidleg og til feil mottakar (vedlegg).


Likevel fekk vi gjennomslag for nytt skulekjøken. Dette vart vedteke i kommunestyret, då Arbeidarpartiet kom med framlegg og fekk dette vedteke inn i budsjettet. Her er video frå då framlegget vart framført (frå ca 3:52:30):


Vi fekk oppdatert info om framdrifta frå kommunen 25. januar:

Så langt har vi hatt ein gjennomgang med faglærar i heimkunnskap om utforminga av kjøkkenet og omfanget. Vi prøver no å utarbeide ein førespurnad som gir oss det kjøkkenet vi har behov for.

Målet er å starte rivinga av det gamle i midten av mai slik at det nye kan monterast i juni. Dette er sjølvsagt avhengig av førespurnad og leveringstid frå leverandør.

Bjørn Løkeland
Driftsleiar, Høyanger Kommune

Vedlegg

Vedtak

Jeanette sender mail om hjelpemiddelsentralen

Vi ynskjer gjerne å sjå teikningar når dei er klare. Det er spanande :-)