< Møte

Sak: Kyss og køyr, evaluering

Tema: Trafikk og skuleskyss

Møte: 26 Jan 2023

Drøfting

Ein liten debatt om kyss og køyr-sona var meldt inn.

Til møtet vart det filma trafikkavviklinga ein morgon, slik at dette kunne nyttast som grunnlag i evalueringa. FAU har også vore i dialog med Synne Vefring, Leiar tenesteeining plan og forvaltning, for å få forståing av korleis løysinga er tenkt og innsyn i status.

Vår observasjon viser at løysinga fungerer bra, men der er litt ulik praksis/forståing av kva/korleis løysinga er tenkt nytta. Filmen som vart laga til opninga mangla også nokre viktige avklaringar. Slik vi har forstått det er det m.a. slik at:

1) Det er meininga at ein skal kunne stoppe og sleppe av ungar i «Rundkøyringa». Då skal ein halde seg i det indre feltet, og ikkje legge seg ut på gangfeltet når ein stoppar. Det rosa feltet her, er det designarane har tenkt skal nyttast til å sleppe av ungar.


2) Bilar frå Dale, Sandvika, Høgreina, Hjetland osv. skal/treng ikkje køyre via sentrum og Storgata – men køyre inn Willhelm Bugges veg og sleppe av i rundkøyringa, evt nytte 10-minuttersparkering ved rutebilstasjonen

3) Foreldre parkerer heller på plenen ned mot undergangen enn på 10-minuttersparkeringa ved busstasjonen... Litt rart.

Kommunen sin film om sona

Den litt større trafikk-utfordringa no er vegen under skulen (mot bana) og krysset mot Storgata her. Kommunen har dette på lista si, men det er lenge til det vert gjort noko med. I og med at ein del foreldre som i punkt 2 over, køyrer via sentrum – vert trafiikken her unødig stor.

Vedlegg

Vedtak

Vi oppmodar kommunen om å oppdatere / justere informasjon og gjerne gjere denne meir/lettare tilgjengeleg – spesielt ism. oppstart av nytt skuleår.