< Møte

Sak: Innspel til skulerute

Tema: Kommunikasjon skule-heim

Møte: 26 Jan 2023

Drøfting

Skulerute for komande skuleår finns
her

Kommentar til 2022-2023: Det er litt rart at siste skuledag før sommarferien er ein mandag (Måndag 19. juni). Kunne ein då heller ungått å ha SFO og skule stengt 2. januar?

FAU ynskjer eit infoskriv om innskuling: Kva er formålet og opplegget kring dette.

Er det nødvendig å halde SFO steng Torsdag 17. og fredag 18. august? Då har gjerne folk akkurat begynt på jobb att etter ferie. Kan planlegge litt gjennom sommaren?

Det er kome eit brev som tek opp dette med sommarstengt SFO i heile juli. Nokre moment frå brevet FAU ynskjer framheve:

1) For mange foreldre er dette ein vanskeleg kabal å løyse med tanke på at foreldre er i arbeid, og ikkje alltid får bestemme eigen ferie. Foreldre med berre ein forelder er ekstra sårbare

2) Sommarmånaden juli er det tidsrommet er då alle prisar på sommaraktivitetar,overnatting, reiser med meir er på det dyraste.

3) Om vi summerer: Det vert nytta 21 feriedagar i juli + 3 planleggingsdagar der SFO er stengt. Då sit ein att med ein einsleg feriedag som kan disponerast.

Vedlegg

Vedtak

Hadde det vore aktuelt å vurdere nokre alternativ:

1) Halde stengt ei veke kortare?
2) Skyve stenginga ei veke mot juni eller august?
3) Andre aktivitetstilbod (i arbeidestida) for ungar i dei minste klassane.
4) Samarbeid med barnehagar?

Uansett bør dette baserast på behov/undersøkingar hjå alle foreldre.

Vi håpar det finns ei løysing – og om ikkje så håpar vi på ei god grunngjeving :-)