< Møte

Sak: Foreldreundersøkelsen hausten 2022

Tema: Psykososialt miljø på skulen

Møte: 12 Jan 2023

Drøfting

Til foreldreundersøkinga i haust blei 527 invitert, 112 har svart, ca. 20%. Utvalet diskuterte mogelege årsaker til at svarprosenten er så låg. Svarprosenten var like låg i fjor, då skulen sendte undersøkinga til èin føresett, i år er den sendt til begge (der to er registrert). FAU seier at skulen må vere tydeleg på kor mange som skal svare. Kanskje det må lagast meir blest om undersøkinga. FAU kan hjelpe til. Kanskje elevane kan minne foreldra på å svare? FAU peikar òg på at det er viktig at føresette ser att resultata. Kanskje det kan lagast ei oppsummering som ein sender ut? Rektor fortel at Bjordal skule til dømes legg til rette for å svare på denne under utviklingssamtalen, der ein riggar klar PC. FAU peikar på at det kan vere eit alternativ, men at det ikkje bør vere tvang. Kanskje leggje til rette for framandsspråklege å svare ut då, t.d. med tolketeneste.

Skuleleiinga i kommunen ønskjer å gjennomføre denne undersøkinga annankvart år. FAU ønskjer at den blir gjennomført årleg. Skulen kan leggje til rette for å imøtekome dette ønskje, då undersøkinga er på bestilling frå kvar einskild skule.

Alle deltakarane hadde fått tilsendt resultat frå undersøkinga på førehand. Kommentarar ved gjennomgang:

Trivsel: generelt god

Motivasjon: skilnad på fyrste og andre søyle. Ordlyden «glede seg» blei diskutert. Ungdomsskuleelevane synest det er greit å gå på skulen, men vil ikkje seie at det er noko dei direkte gledar seg til.

Hjem – skole: føresette svarar generelt positivt på at dei følgjer opp barna. Varierande svar på spørsmålet om føresette får rettleiing frå skulen til korleis dei kan hjelpe barna. FAU spør om det kan indikere at føresette ikkje har behov eller om det ikkje blir gitt. Spørsmålet burde vore stilt for å kartleggje behovet. Det blei vidare diskuterte om føresette kanskje kan ha behov for noko rettleiing knytt til ny metodikk. Det blei vist til døme i matematikk på småskulesteget der elevane skal kome fram til ulike løysingar, måtar å rekne og resonere på som føresette ikkje har frå sin skulegang.

Støtte frå lærarane: generelt godt resultat. 3 har svart at dei har inntrykk av at lærarane ikkje handsamar barnet med respekt. Dette resultatet må undersøkjast nærare. (Rektor fortel at skuleleiinga kan bryte ned resultata til klassenivå og slik sett kunne sjå kva klassesteg dei ulike har svart).

Arbeidsforhold og læring: For høg svarprosent på «litt eining» knytt til om barnet får nok faglege utfordringar. Utvalet diskuterte kva som kan vere årsak. Kva ligg i utfordring? Kva nivå kan ein vente på dei ulike klassestega? Får føresette nok informasjon om nivå?

Vurdering for læring: godt resultat på faglege tilbakemeldingar. Kanskje resultat knytt til medbestemmelse kan hevast? Elevane sin eigenvurdering knytt til fag. FAU peikar på at dette spørsmålet kanskje er vanskeleg for føresette å svare på, at det veit elevane best sjølve. Dette resultatet kan vi sjå nærare på i Elevundersøkinga.

Trygt miljø: generelt ok resultat, men meir variabelt enn resten av undersøkinga. Det blei diskutert ordlyd i svaralternativ som «verken eining eller ueinig» og «veit ikkje». Desse er noko like, og kvifor nytter ein desse alternativa? Noko variabelt resultat knytt til skulehelsetenesta. Skulehelsetenesta peikar på at dei er inne etter årshjul på helseoppfølging og på foreldremøte, har elles faste kontordagar. Dette er informert godt om til både elevar og føresette. Skulehelsetenesta deltek i tillegg alltid på oppstartsmøte med klassekontaktane i august, årleg. Elisabeth lurer på om dei som ikkje veit gjeld dei som ikkje har vore eller er i kontakt med tenesta? FAU lurer på om dei er for lite synlege generelt.

Mobbing på skolen: noko variabelt resultat. 3 har svart at dei er heilt ueinige i at skulen handterer mobbing på ein god måte. FAU spør om det kan grunngivast i høve informasjon frå skulen, om plan og prosedyre. Rektor seier at det vert informert om på alle foreldremøter, årleg, kvar haust. Informasjon i alle klassane i oppstartsveka, årleg, i august. Utvalet diskuterte også kva som ligg i ordlyden «mobbing», og om føresette tenkjer det same som skulen kring det.

Lesing, regning og skriving: ikkje gjennomgått


Kommentarar

FAU og SU: FAU har ikkje gjennomgått resultata på førehand. Desse vert difor tatt opp att i neste møte.

SFO: SFO har ikkje gjennomgått resultata på førehand. Desse vert difor tatt opp att i neste møte.