< Møte

Sak: FAU si orientering

Tema: Kommunikasjon skule-heim

Møte: 12 Jan 2023

Drøfting

Fortel om offentleg open nettside som dei har fått opp og gå. Der kan alle føresette lese referat og orientere seg om saker som vert jobba med. Stort spenn i saker dei har jobba med; alt frå fysisk tilrettelegging, prosedyrar og skulemiljø.

Nytta i 2020-2021 mykje tid på trafikktryggleik, 21-22 på dialog og kommunikasjon og i år har dei skule- heim og samarbeid med klassekontaktane som satsingsområde.

FAU fekk spørsmål om klagesak som er sendt frå dei til Statsforvaltaren. FAU seier at dei er blitt utfordra på å auke foreldreengasjementet og difor treng å kome i kontakt med alle føresette. Det er difor sendt førespurnad til skulen om klasselister, som skulen ikkje har kome i møte, og då difor sendt klage. Representantane i SU seier dei ikkje veit så mykje anna i saka då dei ikkje har vore direkte involvert.