< Møte

Sak: Informasjon om Samarbeidsutvalet

Møte: 27 Oct 2021

Drøfting

Gro informerte kort om Samarbeidsutvalet (SU): Jmf. Oppll § 11 har kommunen eit ansvar
for at alle grunnskulane i kommunen har eit samarbeidsutval. Desse utvala skal ha
representantar frå føresette, elevar, personalet ved skulen, kommunerepresentant og rektor.
Foreldrerepresentantane skal jmf. oppll § 11-4 vere frå FAU, der den eine er leiar i FAU.
Foreldrerepresentantane har rett og plikt til å delta, jmf. oppll. Samarbeidsutvalet har rett til å
uttale seg i alle saker som gjeld skulen, det er å rekne som eit rådgjevande organ, og har ingen
avgjersmynde. Samarbeidsutvalet har uttalerett i alle saker som gjeld skulen. Døme på
aktuelle saker kan vere: ordensreglement, utviklingsplan, budsjett, skule-heim samarbeid,
skulevurdering, trafikk, skyss, bygg og vedlikehald m.m.
Skulemiljøutvalet (SMU): skal jobbe for at skulen, tilsette, elevar og føresette aktivt kan bidra
til å skape eit godt skulemilljø. SMU har uttalerett. Aktuelle saker som kan drøftast i SMU
kan vere: Arbeid mot mobbing, det fysiske læringsmiljøet, skulen sine planar for sosialt
arbeid, ordensreglement, elevundersøkingar.