Tema: Samarbeid med politisk nivå
Møte: 06 Apr 2022
SU v/rektor og Janne Kristin har spurt utvalsleiar kva som er den
kommunevalde si rolle i SU/SMU. I førre møte blei det diskutert at det ikkje er noko naturleg
link mellom den kommunevalde (politikaren) og representantane i utvalet for oppvekst.
Utvalsleiar Hege Rusti har svart ut at den kommunevalde representanten ikkje stiller i
SU/SMU som politikar eller har noko rolle inn i utvalet for oppvekst. Den kommunevalde er
vald som representant for innbyggjarane i kommunen. SU ønskjer å ta saka vidare til drøfting
i utvalet. Der utval for oppvekst vert oppmoda om å ta stilling til om
kommunerepresentantane bør vere aktive politikarar/deltakarar i utvalet. Det er ønskjeleg for
SU/SMU at politikarane/utval for oppvekst i ei eller anna form kan vere tettare på/hente inn
informasjon og i større grad vere orientert om kva som rører seg på dei ulike einignane og i
brukargruppa (elevar og føresette). Rektor sende desse spørsmåla vidare til utvalsleiar.