< Møte

Sak: Vedlikehald og tilsyn med leikeapparat

Tema: Uteområde og leikeapparat

Møte: 11 May 2022

Drøfting

På dei nye leikeapparata såg det ut som det mangla ein del grunnlegjande vedlikehald / måling.
Sjølv relativt nye balansestenger i tre var malinga vekke og det var begynt å sprekke kraftig opp.
På det eine apparatet var det også mogleg å løfte ein bjelke rett av.
Vi lurer difor på om det skulle vore gjort ein gjennomgang av vedlikehaldsrutiner opp mot FDV-dokumentasjon på leikene. Det er også uklart om det vert gjennomført regelmessige tilsyn på leikeapparata; som etter lova av ulikt omfang skal gjerast med ulikt omfang; vekentleg, kvartalsvis og årleg.

Vedlegg