< Møte

Sak: Visma / informasjon

Tema: Informasjonsarbeid

Møte: 24 May 2022

Drøfting

FAU
Etterlyste oppdatert nettside der vi kan finne referat frå ulike fora og alle ulike planar samla.
Vi har fått attendemelding om at VISMA ikkje er etablert som standard kommunikasjonskanal. Det vert nytta både SMS, facebook mm. Varierande frå klasse til klasse.

Elevrådet
Vi har ikkje skriftlege referat frå elevrådsmøtene

Tilsett:
Vi jobbar med å bruke/etablere VISMA som ein standard kommunikasjonskanal. Det er nokre utfodringar med det programvaren/løysinga, men det vert stadig betre.

Tilsett:
Vi må bli strenge med foreldrene og seie at dei MÅ gå bruke VISMA.

FAU:
Om lærarar er flinke og aktive VISMA-brukarar, blir det mykje lettare å bruke VISMA / aukar bruken. Skulen bør rydde i informasjonen som ligg på nettsida og i visma slik at det blir enklere å finne fram. Døme:
1) I Visma-appen er det opplyst at du ikkje søke om permisjon i appen. Men det står ikkje info om kvar/korleis ein kan søke.
2) Løsningen er å logge seg på visma på nettlesar, men vegen dit er ikkje intuitiv.
3) Det ligg no søknad om permisjon i Word-format på heimesida (som ikkje skal nyttast)