< Møte

Sak: Psykososialt

Tema: Psykososialt miljø på skulen

Møte: 24 May 2022

Drøfting

Spørsmål frå oppvekstsjef til elevrådsrepr:
Korleis har du det på skulen?

Elevrådrepr.
Bra, men lite å gjera på i friminutta
Hadde vore kjekt med aktivitetar som ikkje er sport. Ikkje alle elevar som er trygge på andre.
Betre når aulaen er open, fram til påske: Då er her bordtennis, bord å prate ved.
Vil gjerne ha aulaen open sjølv etter påske.

Oppvekstsjef:
Er det elevar som ikkje har det bra?

Elevrådrepr:
Ikkje stort problem i min klasse.
Klasseturar hjelper på - då er/var alle i lag, sjølv om dei ikkje er i lag til vanleg.

Oppvekstsjef:
Kva med fritida?

Elevrådrepr:
Dei eldste brukar ikkje ungdomsklubben, men dei litt yngre gjer det.
Vi kan ikkje klage.
Det er nok slik at dei eldre vil ikkje vera med dei yngre.

Oppvekstsjef:
Det er på FRITIDA ungdata viser dei største utfordringane.

Politkar:
Dei som fell utanfor dei organiserte aktivitetane er dei mest sårbare / dei som ikkje har tilbod.

Elevrådrepr:
Ja, det er litt utfordrande på ein liten plass, gjerne

Lærar:
Det er (som mor) vanskeleg å finne ut kva tilbod som faktisk eksisterer.
Foreldre må gjerne leite mykje for å finne ut kva tilbod som er.
Mykje er organisert gjennom lukka facebook-grupper.
Skulen kan ikkje/skal ikkje sende ut informasjon gjennom skulen om ting som kostar pengar.
Ein er difor avhengig av å få informasjon av andre.
Det er då ein føresetnad med oppsøkande foreldre for å finne tilboda som eksisterer.

Elevrådrepr:
Kommunen arrangerte flotte turar i sommarferien.

FAU
Burde hatt ei samkøyring / samling av tilbod og når det er ulike aktivitetar. No kolliderer gjerne helgeaktivitetar, og det er vanskeleg for arrangørar å vite om andre arrangement som kolliderer. Kvardagsaktivitetar skulle gjerne vore oversikt over også.

FAU
Vert det sommarskule?

Oppvekstsjef:
Det vert ikkje.

Politikar:
Sommarskule kan kanskje omdefinerast til kultur?