< Møte

Sak: FAU: Arbeidet i FAU

Tema: Samarbeid med politisk nivå

Møte: 24 May 2022

Drøfting

FAU orienterte om fokuset dei har framover:

• Struktur: Regelmessige møter og jobbe med saker/fokus systematisk over tid.

• Infrastruktur: Etabler nettside og facebookside slik at referat og informasjon er tilgjengeleg for foreldre og framtida. Slik det er no, har det vore vanskeleg å sjå kva FAU har jobba med tidlegare.

• Engasjement: Gjennom ope og tilgjengeleg informasjon, samt å halde fokus på områder/saker håpar vi på auke foreldreengasjement. Dette har skulen utfordra oss på/etterspurt.

• Samarbeid: Jobbar med å finne kven og korleis vi skal samarbeide for å få moment i FAU-arbeidet. Opplever at saker og informasjon frå skule/SMU ikkje når politisk nivå, og har difor ynskje om meir dialog med politikarar/utval for oppvekst.