< Møte

Sak: FAU: Etterlyser inkludering

Tema: Kommunikasjon skule-heim

Møte: 24 May 2022

Drøfting

FAU løfta fram nokre konkrete prosessar vi meinar har forbetringspotensiale. Både elevråd, FAU og SMU bør i større grad involverast i prosessen.

• Budsjettprosessen: Her er det lite innsikt, vanskeleg å vinne fram, og elevar og foreldre er ikkje involvert.

• Skulebibliotek: Skulen har ikkje skulebibliotek. Her har ikkje FAU vore involvert. FAU har fått fleire attendemeldingar frå foreldre og lærarar som er skeptiske til løysinga med biblioteket i sentrum som skulebibliotek.

• Ordensreglar: Her var kun dei gamle ordensreglane på høyring før ein utarbeidde nye ordensreglar - og vedtok desse utan høyring.

• Ipad / digital undervisning: Skulen har innført dette utan at kommunen har noko plan eller rammer for digitalisering, og utan å involvere elevar og FAU. Ein del lærarar har også uttrykt skepsis, og kjenner seg ikkje involvert i prosessen. Ein har ikkje hatt E-pedagogar på skulen. Skjerm og skjermtid er ei utfordring og digitalisering er omdiskutert. Å overlate digitaliseringen til den enkelte lærer og skole er ikke en tillitserklæring, men en unnlatelse