< Møte

Sak: FAU: Uteområdet på skulen

Tema: Uteområde og leikeapparat

Møte: 24 May 2022

Drøfting

FAU gjekk gjennom referatet frå si synfaring i eit friminutt. Det er mykje manglande vedlikehald, og det manglar leikeapparat. FAU etterlyste også om det vert:
• Gjennomført og dokumentert tilsyn av leikeapparat
• Er det vedlikehaldsplanar for områder og apparat.
• Kva budsjett / planar er det som legg føringar for vedlikehald og utvikling av uteområdet?
• FAU og SMU er svært frustrerte over at fråvær/manglande kommunikasjon og samarbeid mellom oppvekstleiing og drift og vedlikehald (som har ansvar/budsjett for uteområdet). Drift- og vedlikehald etterlyser samla prioriteringar og innspel frå oppvekstleiinga,. Oppvekstleiinga, derimot, meinar dette er Drift- og vedlikehald som skal gjera, basert på innspel frå rektorane. Rektorane og SMU vinn ikkje fram med sine innspel. Difor er statusen på uteområdet kritikkverdig, lærarar og tilsette er frustrerte fordi dei ikkje får informasjon og ventar i uvissa om kva som skjer og ikkje skjer av utbetringar og vedlikehald.

Skuleleiing:
Det er ikkje lett å forsvare og formidle situasjonen på uteområdet lenger. Det er svært frustrerande for alle tilsette, slik situasjonen er no.

FAU
Vi ynskjer samarbeid om dette, og prosessane - og ynskjer ikkje etablere ein praksis der ein må gå til media for å setje fokus / få prioritet. Det tener ikkje skulen og samfunnet på.

Politikar:
Eg var ikkje klar over at situasjonen var slik

Politikar:
Basert på mi fartstid i skuleverket, ville eg ikkje akseptert noko slikt. Vurdert om dette er forsvarleg?

FAU:
Dette har vore tydleg kommunisert i SMU, og rektor har sendt attendemeldingar om dette i fleire år.

Oppvekstsjef:
Dette er eit problem også på andre einingar. Oppvekstsjef og leiar for Drift- og vedlikehald skal møtast med dette som tema no etter dialogmøtene. Forsamlinga her vil få referat frå dette møtet.