< Møte

Sak: FAU: Skulemiljø

Tema: Psykososialt miljø på skulen

Møte: 24 May 2022

Drøfting

FAU har oppfatta det slik at rektor og oppvekstsjef er samkøyrde når det gjeld status på skulemiljøet på Høyanger skule:
«Det er ikkje noko aukande trend verken på talet eller alvorsgraden på 9a*-saker på skulen»
*trygt og godt skolemiljø.

Skulehelsetenesta har i SMU antyda at der er aukande utfordringar, men at ein må grave litt for å få dei opp i dagen.

FAU opplever og får også attendemeldingar frå foreldre som fortel / gir signal om store/større utfordringar.