Tema: Kommunikasjon skule-heim
Møte: 24 May 2022
FAU og rektor har etterkvart fått ein god og konstruktiv dialog.
FAU ynskjer likevel:
• Skulen og oppvekst bør utarbeide ein informasjonsstrategi/plan der det går fram når, korleis og kva vi som foreldre, elevar osv. kan forvente av informasjon
• Skulen bør få tilført/sette av ressursar dedikert til informasjonsarbeid
• Nettsida har veldig mykje utdatert innhald, og vi ser skulen slit med å vera ajour på denne.
• Det i større grad bør skrivast og bli publisert referat frå ulike fora, og høyringssvar på planar skal samlast og publiserast.
• Alle bør sikte mot ein openheitskultur, der vi er opne om utfordringar, prosessar som pågår og forventningar.
• Vi ynskjer skulen i større grad aktivt informerer FAU, elevar og foreldre om prosessar, utfordringar og aktivitetar.
• Informasjon mellom SMU og politikarar fungerer dårleg.