< Møte

Sak: Informasjon frå lokalt organisasjons- og kulturliv (SU)

Tema: Kommunikasjon skule-heim

Møte: 10 Nov 2022

Drøfting

Rektor gjekk gjennom gjeldande praksis og korleis prosessen har vore i kommuneleiinga.

Lærar: Er det ei slik tavle for 10. klasse (som er på vidaregåande)?

Elev (10. kl): Det vert litt på ein annan måte.

Elevråd:
Det er bra med plakatar, men det vert ikkje prata i klassen om dette. Vi ynskjer heller plakatar enn besøk som møter opp. Men 8. kl vil ha besøk frå andre.
Vi sjekkar med Sjur Håvard om kva som vart konklusjonen i elevrådet når saka vart drøfta der

Ole M: Kor lenge har denne tavla vore oppe. Burde vi prøvd den litt ut før vi treng å forandre? Eg har ikkje diskutert dette med lærarane, anna enn eit par andre lærarar.

Rektor: Morten (leiar for 8-10) har løfta spørsmål om det kunne vore lagt til rette for ein arena der lag/org kan presentere seg.

Ida: Veldig greit med tavla. Få folk inn i klasserommet er forstyrrande og legg press på deltaking. Det er foreldrene som må ta ei avgjerd om deltaking, og det bør ikkje marknadsførast mot ungane. Foreldrene i 5-7 etterlyser litt det same som Morten melder frå 8-10, om ein arena der lag/org kan presentere seg.
Tavla skulle gjerne vore større, den er allerede full.

Elev: Greit i dei eldre klassane at der er besøk, men ikkje dei yngste. På vidaregåande er lag og organisasjonar aktive med informasjon i friminutta.

Siv: Kva ligg i kulturliv: Ei turnering? På SFO går ikkje slikt utover undervisning. Fleirtalet av tilsette på SFO ville ha ei samla oversikt med alle tilboda i Høyanger. Flyers som kjem ut ein gang i året. Men sjølv trur eg dette vil bli vrient då halltider endrar seg og tilbodet er dynamisk gjennom året.

Jeanette: Flott de har hatt slike prosessar i klassar og kollegiet. Foreldregruppa er enige om at det ikkje er grunn til å forby ranselpost. Las opp vedtak frå FAU.

Ida: Eg etterlyser det vi tok opp på dialogmøtet om ei fellesløysing for kultur.

Rektor: SU kan sende førespurnad til kultur. Eg kan lage eit utkast.

FAU-leiar: Det er viktig at born og unge vert inkludert i fritidsaktiviter.

Rektor: I utgangspunktet er det slik at skulen ikkje har noko med det som skjer av fritidsaktivitetar og på fritida.

FAU: Er uenig. Skulen har ei viktig rolle som aktør og institusjon i lokalsamfunnet også for det som er utanom skuletida. Det som skjer på fritida påvirkar skulekvardagen.

Ida: Kan FAU sette opp eit framlegg til reglar. Desse bør omfatte elevbedrifter også.

FAU: Vi kan gjera dette. Vi delar då elevbedrifter i dei på skulen og andre elevbedrifter

Vedtak

FAU utarbeider framlegg til reglar