< Møte
Sak: Skulen sitt syn på FAU si framferd
Møte: 07 Dec 2022
Drøfting
Rektor og lærarane sitt syn:
- Skulen ynskjer at FAU følger linja, og melder saker til skulen. De er FAU for Høyanger skule og hendvendingane dykkar til administrasjon og politikarar bør gå gjennom skulen
- Rektor: Eit døme er hausthelsinga. Denne skulle de ha teke avsjekk med meg på før de sendte den.
- Tenk på korleis de vert oppfatta utanfrå når de skriv referat
- Rektor: Eg har invitert meg til FAU sidan i oktober, og først i dag møtast vi.
- Rektor: Er det nødvendig at de skriv og ber om at eg sender prosedyrer, eller at det går x-antall mail fram og tilbake? Inviter meg heller inn, slik at eg kan orientere dykk: Det er ikkje nødvendig med prosedyrer for alt mogleg: Vi held oss til lover og forskrifter, og der står det oftast korleis ting skal gjerast. Då er det ikkje nødvendig med ei prosedyre og liknande.
- Skulen ynskjer FAU engasjerer foreldre enno meir, og at det hadde blitt system på aktivitetar utanom skulen i dei ulike klassane
- I sakene om leksetid og mat og måltid, meinar rektor/skule på generelt grunnlag: Når FAU har fått nokre tilbakemeldingar. Kor mange førespurnader har de fått? Skulen tenkjer dette er vesentleg i alle saker som FAU melder.
FAU sitt syn
- FAU er eit frittståande organ, og kan - og kjem nok til å skrive, snakke med og samarbeide breidt med mange aktørar. Dette kjenner vi oss trygge på, etter å ha drøfta dette med m.a. statsforvaltaren. Slik vi ser det treng vi ikkje følge «linja». I dei fleste sakene, er det skulen/rektor vi har dialog med.
- Når det gjeld hausthelsinga; så løfta vi saka opp, sidan presisering/opplevd endring av praksis oppstod på eit nivå over skulen; rektormøte i oppvekst. For oss handla den saka om at vi oppfatta det nok ein gong mangla involverande prosess – og manglande skriftleggjering. Sjølve saka var pri 3 / underordna.
- Vi beklagar at vi ikkje har fått teke i mot besøk før, men vi har berre hatt eitt møte sidan invitasjonen; og då var møtet fullt av saker ma. til SU dagen etterpå.
- Skriftleggjering: Vi i FAU har nok andre forventningar til dette med skriftleggjering enn den praksis skulen legg for dagen. (FAU viste slide med argument for at ting skal vera skriftlege).
- Foreldreengasjement: Vi har ei satsing på dette. Vi vil nok måtte nytte året i år på å få oversikt over status og samle informasjon om korleis slikt kan gjerast
- Kor mange attendemeldingar: Vi har ikkje loggføring av kontakt/meldingar. Vi støttar at det i desse sakene bør kartleggjast i kva omfang slike opplevingar førekjem – før ein både konkluderer og agerer. Vi meinar ikkje påstandane verken er feil eller rette – men det er opplevingar frå foreldre.