< Møte

Sak: Brev frå rektor og tilsette

Tema: Kommunikasjon skule-heim

Møte: 26 Jan 2023

Drøfting

Forrige møte hadde vi besøk av rektor og lærarar i FAU. Som eit substitutt for å signere referatet, kom eit brev frå desse. Det er godt og nyttig med skriftlege attendemeldingar. Vi gjekk gjennom, og svara ut. Brevet i sin heilskap ligg som vedlegg.

FAU fekk ikkje diskutert brevet noko meir enn del for del på dette møtet – så det er mogleg heilskapen i brevet vert drøfta vidare på eit seinare møte. Vi vil berømme rektor og dei tilsette for eit ope og ærleg brev, som tydleggjer utfordringane i dialogen mellom FAU og skulen/kommunen. Dette var også noko vi tok opp på møtet med dei, der vi la fram vårt syn på premissa for dialogen:

Vi les brevet slik skulen og dei tilsette der ikkje er heilt einige med vår tolking av dette.

Gjennomgang del for del:




Det er ønskjeleg frå skulen at FAU nytter tenesteveg i saker de ønskjer tilbakemelding og dialog om.
FAU: Notert. Vi vil likevel understreke at FAU er eit frittståande organ som ikkje har nokon tenesteveg. Dette har vi fått stadfesta frå FUG og statsforvaltaren.

Frittståande brev og spørsmål som ikkje vert tatt via rektor, og eventuelt vidare til Samarbeidsutvalet, kan de mest sannsynleg ikkje vente å få svar på.
FAU: Som vi tok opp i møtet meiner vi forvaltningslova regulerer forholdet mellom FAU og kommunen. Kommunen kan ikkje fråskrive seg å drive sakshandsaming av inngåande post frå sjølvstendige individ og/eller organ, sjølv ikkje frå FAU.

Sidan FAU representerer ein samarbeidspart til skulen er det ønskjeleg at saker vert drøfta med rektor/skulen fyrst, og at rektor vert orientert.
FAU: Notert

Det er ønskjeleg at FAU viser spørsmål frå føresette vidare til kontaktlærar og/eller klassekontaktane. Ved behov for vidare dialog kan dei ta kontakt med leiinga (avdelingsleiar eller rektor). Skulen ønskjer at føresette tar direkte kontakt og så snart som råd.
FAU: Litt uklart om skulen meiner at FAU ikkje skal handsame spørsmål frå føresette? FAU ynskjer ikkje å handsame enkeltsaker – men basert på ei eller fleire hendvendingar; ser vi på saker frå eit overordna systemperspektiv. FAU vil sjølvsagt oppmode foreldre om å ta relevante saker opp med kontaktlærar.

FAU må skilje mellom einskildførespurnad og systemsaker, og vurdere kva som bør liggje på sakliste og kva som er interne spørsmål/drøfting og/eller orienteringssaker.
FAU: Ref svar på forrige punkt. Om der er saker skulen/kommunen meiner vi feilaktig har sett på sakliste - tek vi gjerne i mot innspel.

FAU har sendt førespurnad til tilsettgruppa ved skulen med ønskje om uttale om si eiga framferd for å tilpasse/justere arbeidsform. Sidan de er føresette sine representantar er det kanskje aller viktigast å hente inn denne tilbakemeldinga frå den gruppa de representerer. Vi vil difor oppmode dykk om å ta same dialog med føresette.
FAU: Bakgrunn for at vi inviterte tilltitsvalde for lærarane ligg i referat av 7. november. Når det gjeld kontakt med føresette viser vi til sak om klasselister – der vi har venta kontaktinformasjon til føresette frå skulen sidan november.

Skulen vil oppmode FAU om å vurdere si eiga nettsida, både layout og innhald.
FAU: Kom gjerne med konkrete innspel på layout.

Tilbakemeldingar på denne:
• Skulen ønskjer at e-post utvekslingar er å rekne som intern dialog. Dersom det er ønskjeleg å publisere noko av dette bør det gjerast i samråd med avsendar. I hovudsak meiner vi publiseringar av dialog bør skje gjennom møtereferat.

FAU: FAU har stor forståing for at skulen og dei tilsette på skulen vert provoserte om eit slikt syn ligg til gunn. FAU meiner derimot at offentlegheitslova gjeld også for Høyanger skule: All inn og utgåande (e)post er etter den å rekne offentleg informasjon (med mindre ein har heimel til å unnta offentlegheit). FAUhar tidlegare munnleg etterlyst elektronisk postjournal og meir open informasjon frå skulen si side. Skulen har ikkje lov å unnta ordinær dialog med FAU frå offentlegheita. Vi har likevel i saker bede om stadfesting på korvidt svar frå skulen er å rekne som skulen sitt ofisielle svar.

Skulen, og spesielt dei tilsette, reagerer på at einskildutsegn og meldesaker vert publisert. Dette bør FAU loggføre internt.
FAU: Vi kjenner ikkje så godt til desse to begrepa. Vi tek gjerne i mot konkrete innspel til saker de meiner er av denne typen.

Generelt vurdere balansen mellom positive og negative saker.
Er FAU omdømmebyggjar eller internkontrollør?

FAU: Foreldrerådets arbeidsutvalg (FAU) er foreldregruppens talerør.

Rektor ønskjer i større grad ei meir systematisk kommunikasjonslinje, og i større grad i dialog/møte. Ber om at saker vert samla opp og at det er høve til å diskutere saker som ikkje direkte kan svarast ut. Rektor kan inviterast til møte.
FAU: Vi ser ein risiko ved at mykje av kommunikasjonen skjer munnleg, og at ein i tillegg frå skulen si side ikkje ynskjer at skriftleg kommunikasjon vert offentleg. I møtet 7. desember gjekk vi gjennom kvifor vi meiner det er viktig med skriftleggjering. Vi ynskjer likevel å understreke at vi er opne for møter.

Skulen ønskjer å oppmode FAU om å sjå på aktuelle problemstillingar knytt til foreldreengasjement. Kva og korleis samarbeide med klassekontaktane?
FAU: Vi har hatt dette oppe som eit tema, og ynskjer å bidra i dette arbeidet.

Sidan målsetjinga dykkar er å justere/tilpasse arbeidsform er det ønskjeleg for skulen å få ei attendemelding, etter at de har drøfta dette med føresettgruppa.

Med von om ein vidare betre dialog.

For Høyanger skule,

Gro Hommedal
Rektor

Ida Linde og Ole Morten Senneset
Lærarrepresentantar i Samarbeidsutvalet

Vedlegg