< Møte

Sak: Meldingar frå føresette

Tema: Kommunikasjon skule-heim

Møte: 27 Oct 2021

Drøfting

SFO ønskjer lik praksis for meldingar frå føresette, og oppmodar om å nytte VFS app.
På denne måten sikrar ein at alle kan lese meldingane og at dei vert gitt på eit såpass tidleg tidspunkt på dagen at det er mogeleg å følgje opp (før SFO opnar). Dette gjeld
beskjedar om henting, avtalar m.m. FAU melder om at det er ulik praksis blant klassane om korleis ein ønskjer å få meldingar. Dette er forvirrande for føresette. FAU støtter lik praksis, men då bør det også vere likt for alle klassesteg og heile skulen. Det heng nok litt att etter koronaperioden, og skulen har vore fleksible i høve føresette sin kompetanse og bruk av systemet. Skulen er no attende til normal drift, og VFS systemet har vore operativt såpass lenge at alle skal ha føresetnad om å kunne bruke det. Ida har også lage ein enkel brukarmanual som kan rettleie føresette. Skulen må
sikre tilgang til app for alle tilsette då dei ikkje er pålogga systemet i skuletida.