< Møte

Sak: §9a-saker på skulen

Tema: Psykososialt miljø på skulen

Møte: 11 May 2022

Drøfting

Bakgrunn: FAU ønsker en orientering om status på §9a-saker på skulen. 9a-saker er saker som omhandlar at elevar har eit trygt og godt skulemiljø.

Rektor orienterte:
Når tilsette opplever situasjonar/hendingar som kan gå på mobbing/trivsel melder dei dette på eit papirskjema. Det er ein del slike ila eit år, men det er 2-4 pr. klasse jamnt over i året ein går vidare med.
Det er no litt nedadgående trend pga det i starten var høgt fokus ved innføring av lovkrav om dette. Men skulen ser at det aukar når ein køyrer informasjonsrundar i klassene om dette.
Ila av året vert det utarbeida ca 10 aktivitetsplaner (2021-2022). Rektor er nøgd med slik det fungerer på skulen i dag, med eit gjennomarbeida og systematisk arbeid kring dette. Men sakene er ofte komplekse saker.
Det er ikkje noko aukande trend verken på talet eller alvorsgraden på 9a-saker på skulen, slik rektor oppfattar det.