< Møte

Sak: Ny trafikksituasjon

Tema: Trafikk og skuleskyss

Møte: 11 May 2022

Drøfting

Korleis fungerer den nye løysinga for trafikk. Det er noko ulik oppfatning om det er "lov" å stoppe i rundkøyringa. Det vart slege fast at dette er meininga med løysinga; altså å sleppe av ungane i rundkøyringa.

Informasjon og informasjonsvideo om løysinga
https://hoyanger.skule.no/?artID=1113&navB=1

Det går ikkje klart fram korleis dei som kjem frå Hydro-sida skal/kan sleppe av. Er det tenkt at det kan stoppast og sleppast av i rundkøyringa? Dette vert praktisert og diskutert. Skulle informasjonen vore tydlegare her?

Vedtak

Det har vore nokre kritiske ytringar på sosiale medier om den nye trafikkløysinga ved skulen. I dette foraet var det konsensus at dette er blitt ei veldig god løysing.

Rektor spelar inn til plan og forvaltning om dei kan vurdere noko tydlegare skilting, og oppdatere informasjonsvideo om dette med drop i sjølve rundkøyringa.