< Møte

Sak: Utfordrande med foreldre-engasjement

Tema: Kommunikasjon skule-heim

Møte: 27 Oct 2021

Drøfting

FAU melder om at dei strevar med foreldre-samarbeid/-engasjement. Det er liten
respons frå klassekontaktane og det er vanskeleg å rekruttere medlemmar til FAU. Dei
jobbar med informasjonsflyt og plattform. Skulen kan bistå med informasjonsdeling
via sine plattformar. Det kom framlegg om at lærarane kan minne om engasjement på
foreldremøtene. Det kom framlegg om fast sakliste på foreldremøter som
klassekontaktane har ansvar for å følgje opp.
FAU har saka til vidare drøfting.