Skulen sitt arbeid med plan for nærleik og trivsel – til høyring.
Drøfting
Tilbakemelding frå klassekontaktane på informasjonsfilm gitt i foreldremøte i haust
Skulen sitt utkast for planverket «nærleik og trivsel» blei sendt ut på høyring. Personalet har
hatt den til høyring, skulehelsetenesta via TDM samarbeid, og no delt ut til FAU og elevrådet.
Innspel vert tatt imot i neste møte.
FAU har berre mottatt èi tilbakemelding frå klassekontaktane på informasjonsfilmen. («Den
var bra»). Tynt grunnlag for skulen.Vedtak
FAU vil purre på foreldrekontaktane.
Sosial kompetanseplan
Drøfting
Skulen jobbar med oppdatering av sosial kompetanseplan. Den er no ute på høyring i
personalet, skulehelsetenesta via TDM og elevråd. Skulen ønskjer at FAU kan kome
med attendemelding på den delen av planen som handlar om skule-heim samarbeid.
Det er spesielt ønskjeleg med innspel til aktuelle tema til årshjulet om foreldremøte.
Saka vert sett opp att på neste møte.